Foto: Kaja Wibe Fiksdal

Musikkgruppa er ukas sosiale og musikalske høydepunkt!

Ingrid,
mamma til Jonas 10 mnd.

Og frå ei bestemor..

"Farmor kjæme du, me ska te Guri å synga" ropar barnebarnet mitt der ho sit klar i bilen og ventar på farmor.

Sjølvsagt kjem farmor, og glade køyrer me avstad til kulturskulen og "songtimen" medan me trallar og syng på songar me har lært, me "øver."

Vel framme vert alle møtt med smil og godord, alle vert sett. Eg har vore lærar i ca. 40 år, hatt mykje musikkundervisning, så dette å sitte på golvet med barnebarn på fanget og berre vera med, er noko heilt nytt for meg. Det har vore ei veldig flott oppleving, synge gamle og nye songar saman, få mange gode, varme klemmar av barnebarnet som kjem springande glad og fornøgd mot deg etter opptreden med rytmeinstrument, trommer osv.

Sjølv om ein får litt vondt i hofter og armar etterpå, (ein sit ikkje i ro heile tida, nei) så går det fort over. Kjekt er det å vera saman med mødre og fedre som er mykje yngre enn deg, håper dei synest det same.

Det eg har merka meg er at sjølv om mitt barnebarn ikkje alltid syng så mykje i "timane" så kjem songane på rekke og rad når me kjem i bilen eller når me kjem heim. Konklusjonen vert altså at dette har vore eit kjempekjekt år, kjekt er det og å kunne hjelpe travle foreldre.

Åse A. Helgeland
lærar i ca. 40 år.