Foto: Kaja Wibe Fiksdal

Musikkgruppa er ukas sosiale og musikalske høydepunkt!

Ingrid,
mamma til Jonas 10 mnd.

Helsing frå ei mor

Eg har tre barn, og alle har gått på «Musikk fra livets begynnelse" i regi av Time kulturskule.

Til hausten er det fem år sidan eg fyrst lærte musikktilbodet «Musikk fra livets begynnelse» å kjenna. Eg byrja i august 2005 med dotter mi som då var seks månader gammal. Med song, dans, instrumenttraktering, rim og regler, fekk mødrer og babyar ei fantastisk føremiddagsstund saman. Husarbeid og andre kvardagslege gjeremål låg på vent, fokuset var på barn og musikk.

Dottera mi gjekk fram til det året ho vart fire, og hadde stor glede av det gjennom heile perioden. Tilbodet var heile tida tilpassa aldersgruppa. I dei fyrste babytimane, var det nok å verta underhalden og få bita på rytmepinnane. Etterkvart var det ei gradvis utvikling i deltakingsnivået, ungane fekk m.a. bruka rytmepinnar, trommer, rasleegg og xylofonar, og dei deltok meir og meir i songen.

Eg har tre barn, og alle har gått /går på «Musikk fra livets begynnelse». Den fyrste byrja som sagt då ho var seks månader gammal, perfekt alder trudde eg. Då var ho litt mobil og temmeleg nysgjerrig på livet. Då dotter nummer to skulle byrja, var ho knapt to månader gammal. Eg var redd ho var for ung til å ha noko utbytte, men ville likevel prøva. Eg tok feil, ho viste tydeleg gjennom kroppsspråket at ho koste seg og sugde inn inntrykk.

Tredjemann var berre fire veker då han starta, men eg vil påstå at også han hadde glede av musikken og aktivitetane.

No har eg ingen fleire babyar, og yngstemann har berre to år att før han er for gammal for «Musikk fra livets begynnelse». Eg kjem til å sakna det, det har gitt meg stor glede å sjå musikkgleda hjå både eigne og andre sine barn. Eg seier på vegne av meg sjølv, mannen min, ungane mine og truleg svært mange andre: Tusen takk til Time kulturskule og musikkpedagogen der for eit fantastisk musikalsk tilbod for foreldre og barn.


Med venleg helsing
Monica Stokka Rawe
Bryne